Dette er ei moderne leilegheit med høg standard. Bustaden har ei god planløysing, er på 86 m2 og har 2 soverom (med moglegheit for 3). Bustaden har eigen parkeringsplass og sportsbod i parkeringsplan under bustadane. Herfrå går det heis og trapp til overbygd svalgang. Leilegheita er gjennomgåande og har livsløpsstandard.
Leilegheita har open stove- og kjøkkenløysing med god takhøgde. Dette gir bustaden eit lyst og moderne preg. Frå stova er det skyvedør ut til ein romsleg og overbygd balkong med glasrekkverk. Bustaden inneheld stove/kjøkken, to soverom (med moglegheit for tre), entré/gang, bad, bod/vaskerom, balkong, sportsbod og overbygd parkeringsplass. På området er det tilgang til gjesteparkering og flotte leikeplassar, med m.a. leikeapparat og benk.
Denne seksjonen vert levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden.
Bustaden vert levert med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert ein eksklusiv belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa der bustaden har fleire etasjar.
I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:
Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei ulike vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg. For gjennomgang av prosjektet eller ønske om visning vennligst ta kontakt.
Legg inn din kontaktinformasjon, og eg tek kontakt så snart som mogleg.