1

/ 6

Kort om eigedomen og området

Rystene Panorama ligg flott plassert i eit allereie etablert byggefelt, og har fantastisk panoramautsikt mot fjord, fjell og Ørsta sentrum.

Frå E39 (Voldavegen) ta av mot Rystefeltet og ta første veg til høgre inn på Leitevegen. Følg vegens retning i 600 meter og du har prosjektet på høgre side. Prosjektet er merka med byggeplasskilt.

Bustadfeltet har ein kombinasjon av bygningar med 2 til 10 bueiningar i kvar, og for fleire av bustadane er det lagt til rette for livsløpsstandard og husbankfinansiering. Det er opparbeidd tre leikeplassar i feltet, med leikeapparat og benkar. Området har også fine turmoglegheiter, med populære turmål som Ossetra, Oshornet («Pølsa»), Dinglavatnet og Melshornet like ved.
 
Det er lagt vekt på at dette skal vere eit attraktivt bustadområde for alle, og det er kort veg til både barnehage og kollektivtransport. Haldeplassane «Rystene» og «Leitevegen» er næraste busshaldeplassar, men det er også regulert inn framtidig busslomme like ovanfor bustadfeltet.