Dette er ei stor og moderne leilegheit på 94 m2 og med 3 soverom. Bustaden har god planløysing og livsløpsstandard. Leilegheita har uteplass på bakkeplan med moglegheit for hage og markterrasse. Parkering i eigen romsleg carport, med sportsbod i bakkant.
Bustaden inneheld stove/kjøkken, 3 soverom, bad, vindfang, gang, bod/vaskerom, sportsbod og overbygd parkeringsplass i carport. På området er det tilgang til gjesteparkering og flotte leikeplassar, med m.a. leikeapparat og benk.
Denne seksjonen vert levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden.
Bustaden vert levert med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert ein eksklusiv belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa der bustaden har fleire etasjar.
I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:
Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei ulike vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg. For gjennomgang av prosjektet eller ønske om visning vennligst ta kontakt.
Legg inn din kontaktinformasjon, og eg tek kontakt så snart som mogleg.